Back to All Events

Frampeik - fotografier av Ådne Dyrnesli


CYAN galleri viser utstillingen “Frampeik” med fotografier av Ådne Dyrnesli
I bildeserien “Skuggane av lauvet” har Ådne Dyrnesli fotografert eit landskap over ein periode på tre år. Prosjektet er framleis under arbeid, og utstillinga på Cyan er ei utforsking av bokformatet, der publikum kan vera med på å forma prosjektet, og legga igjen eit spor av seg sjølv.

Publikum er invitert til å interagera med bileta, og står fritt til å løfta dei opp, ta på dei, og studera dei. Dei må gjerne utforska å gjera sitt eige utval, laga sine eigne sekvensar av bileta, og prøva ut grupperingar og oppsett som på ein eller annan måte gjev meining for dei.

Utstillinga består av 56 svart kvitt print på eit provisorisk bord, i selskap av eit eingångskamera som publikum sjølve kan nytta for å dokumentera utvala sine.


Ådne Dyrnesli (f. 1993) arbeider hovudsakeleg med fotografi, og veksler mellom lengre kunstprosjekt og redaksjonelle oppdrag. I prosjektet "Skuggane av lauvet" har han dei siste åra fotografert eit landskap over tid, innanfor eit sett med reglar. Han har ein bachelor frå Kunstakademiet i Bergen, har studert ved Bilder Nordic og arbeida som journalist.

Utstillingen er en del av CYAN studio sitt 25-års jubileumsprogram gjennom 2023 og er presentert av kurator Henrik Follesø Egeland

Åpningsfest fredag 1. desember kl 18:00-23:00
Åpent 2.-3. desember kl 12:00 - 17:00

Månedens CYAN brygg: Future Cider - en umodnet søt eplesider på kveik og lønnesirup.

Earlier Event: November 26
Artist in Residence - Nordic Analog Network
Later Event: January 7
Mørkeromsgalleri - januar 2024